Publisert: 05.07.24

Podcast: Universitetsplassen

  • Prat
Logoen til UIOs podcast, Universitetsplassen

Spiller:

  • fredag 9. august
  • kl. 15:45
  • Biblioteket

Naturen sitt lydspor har endra seg drastisk. Kva gjer det med musikken vi lagar, helsa vår og fuglane ikring oss?

Naturen er under press og stadig fleire fugleartar er utryddingstrua. Det høyrest! Har du lagt merke til det? Korleis påverkar det flatare naturlydbiletet musikken vi lagar, helsa vår og fuglane sjølve? Kva skjer når lyden av natur, særleg fuglesongen som er så viktig for naturopplevingane våre, vert fattigare?

Universitetet i Oslos podkast Universitetsplassen har invitert artist og låtskrivar Hanne Hukkelberg, fugleforskar og zoolog Arild Johnsen og psykolog og universitetslektor Nora Nord Rydningen til Biblioteket for å snakke om naturlydane som forsvinn og kor gode vi menneske er til å lytte. Programleiar er Monica Bjermeland.